Søndag 8. september kl. 14.00 vert det bygdevandring med filmopptak på dei gamle Skodjebruene. Vandringa startar på utkikspunktet ved parkering-busstopp ved den nordre enden av den nye brua.

Aalesund Smalfilmklubb held for tida på med ein dokumentarfilm om dei gamle Skodjebruene, og vandringa denne søndagen vil bli eit av innslaga.

Aalesund Smalfilmklubb har innhenta ein omfattande dokumentasjon vedk. bruene, og har også vore i Trondheim på NTNU og fått filma modellen av bruene som er oppbevart der. Det er håpet at denne dokumentaren m.a. skal verte sendt på riksdekkande media.

Øystein Strømsvik vil ta oss med på ei reise tilbake i tid slik at vi kan få eit innblikk i mykje av historia frå området, og det vert også kulturelle innslag undervegs. Eit par veteranbilar vil også vere i området denne dagen, og vi får høve til å få eit gjensyn med ein av dei gamle bussane som i si tid m.a. var brukt over bruene av Skodjeruta.

Vi vil denne dagen bruke det mobile PA-anlegget som Sparebanken Møre gav oss pengar til (Teft-midlar) på slutten av fjoråret, så då reknar vi med at det skal verte god lyd slik at alle kan få med seg det som vert sagt. Vi vil oppfordre den som kan til å sykle eller gå, slik at det ikkje vert store utfordringar med parkering. Eit tips er at det skal vere gode høve for parkering langsmed den gamle vegen mellom Straumen og Stette.

Det vert noko å bite i; «rallarkost», når vi kjem til enden av tunnellen.

Innslag frå vandringa vil verte ein del av dokumentaren, og vi håpar at mange finn det interessant, og finn tid til å vere med på vandringa på førstkommande søndag.

Velkomne skal de vere!

For Skodje sogelag,
Kjell Sindre Tysse

 

 Skodje bru  Bygging av sekundrbogane

 Teikning Skodje bru 1904