På Skodje sogelag sitt årsmøte den 7. mars på Gomerhuset vert Gomerprisen 2016 tildelt Karsten Grindvik.
Skodje sogelag oppretta Gomerprisen i 2010. Etter sagnet var Gomer ein av dei første som busette seg på Skodje, og namnet Gomer vert no knytt til historie og identitet i Skodje. Gomerprisen er ei utmerking som vert delt ut til ein, eller delt mellom fleire, som har utmerka seg i høve kunnskap om historiske røter, historieformidling og identitetsbygging, og prisen vert delt ut når her er ein kandidat som etter sogelaget si vurdering har utmerka seg spesielt.
Karsten Grindvik har vore ein av pådrivarane i frivillig lagsarbeid i Skodje; m.a. i ungdomslaget der han viste sterkt engasjement då ungdomshuset stod på skade og faretruande nær til å verte tapt for alltid. Han har også vore engasjert i korps og kor, i skyttarlag og i politisk liv. Som forteljar er han eit oppkome av gamle historier om folk og opplevingar i kvardagen, gjennom helg og yrke; og med eit rikt ordforråd av gamle ord og uttrykk vert det fargerike og levande bilde for dei som høyrer på. Slik er Karsten med på å knyte band mellom generasjonane.
Gomerprisen er eit relieff i bronse med innskrift, utforma av kunstnaren Ola Stavseng