Skodje sogelag vart skipa i 1973, etter kunngjering i lokalpressa og med innkalling til skipingsmøte 5. desember dette året.
Formålet med sogelaget den første tida var å føre vidare arbeidet som var gjort med bygdebok for Skodje i 1961, der målet var å gje ut ei gards– og slektshistorie for Skodje kommune. Sogelaget stod for arbeidet med innsamling av stoff og skriving, og i samarbeid med kommunen vart bygdeboka gjeve ut i 1986.
Formålet med sogelaget i dag er primært å granske fortida og alt av historiske og antikvarisk verdi innanfor Skodje sine grenser, og søke å ta vare på verdiar og spreie kunnskap om folk sitt liv og virke i eldre tid.
I heile sogelaget si levetid har det nesten kvart år like før jul blitt gjeve ut eit årsskrift med aktuelle historiske tema. Nemnast kan også historiske bygdevandringar som etter kvart har blitt fast innslag kvar haust. Sogelaget stiller også opp under Skodjedagane og Kulturveka som har vore arrangert på Gomrehuset sidan 2009. Det nyaste tilbodet er ein temakveld kvar vår og haust, og heimeside på internett med informasjon og stoff som vil vere interessant for alle med tilknyting til Skodje.
Sogelaget tilbyr medlemskap som er ope for alle mot betaling av årskontingent.