Skodje sogelag og Skodje kommune inviterer til bruvandring i Skodjestraumen. Det vil bli fortalt om korleis bruer og tunnel kom til, og historier om både byggeprosess og bruk. Vidare vil det bli markering av at veganlegget i år er blitt freda av Riksantikvaren, og at informasjonstavler er plassert på strategiske stader. Det vil også bli formidla samanhengar i samferdslehistoria i Skodje.
Dei to gamle bruene i Skodjestraumen, Heggestraumen bru og Storstraumen bru, ligg vakre og majestetiske i vakre omgivnader og er ynda fotomotiv til alle årstider. Etter lyssetting er dei eit flott syn når mørket sig på.
Den nye Straumsbrua har også fått mykje vellæte for utforming og fell naturleg inn i Skodjestraums-miljøet. I samband med fredninga av gamlebruene, tunnelen og området rundt, seier fylkeskommunen m.a. «Anlegget representerer ingeniørkunst av ypparste klasse. I kraft av elegante lineføringar og den vel gjennomtenkte materialbruken og detaljeringa er Skodjebruene også arkitektur av høg kvalitet.».
Riksantikvaren sluttar seg fullt ut til fylkeskommunen sine vurderingar, og tilføyer for eiga rekning: «Bruene har arkitektonisk og kulturhistorisk verdi. Skodjebruene syner behovet for godt vegsamband i ei tid då vegen vart alt viktigare i samferdselssamanheng. Bruene syner tidens beste ingeniørkunst og er viktige både i arkitektonisk og teknisk samanheng.».
Skodjebru-anlegget med si spesielle historie, med sin flotte arktiektur og plassering i naturskjønne omgivnader er noko vi verkeleg kan vere stolte av i Skodje.
Vi håper mange vil vere med på vandringa. Alle som tek del, vil få ei nytrykt informasjonsbrosjyre om anlegget, og noko å bite. Vi kjem heller ikkje til å gløyme at vi er ein del av verda, og vil markere at søndag 18.10. er dato for årets TV-aksjon «Redd regnskogen».