Temaet for årsskriftet i 2015 er «ungdomslaga i Skodje», og sogelaget inviterer til presentasjon av heftet torsdagskvelden den 10. desember på biblioteket (sjå eiga annonse).

 

Fagerheim1928

 

Frå før 1900 og framover vart her skipa om lag 10 frilynde og kristne ungdomslag i Skodje. Mange av desse hadde eigne handskrivne lagsblad; som Haugbonden (Skodje), Askeladden (Engesetdal), Glomskveld (Glomset), Solglytt (Utvikbygda) og Luren (Brusdal). Her vart også bygd eigne ungdomshus; Fagerheim (Skodje) og Dølehall (Engesetdal). Ungdomsrørsla var ein stor og viktig kulturberar for utvikling av lokalsamfunn, folkeopplysning og demokrati, og alle ungdomslaga har sett viktige spor etter seg i bygdene våre.

Fleire av forfattarane kjem til biblioteket denne kvelden for å presentere og kommentere innlegga sine om dei ulike ungdomslaga og barneforeiningane. Sogelagsmedlemmane vil få med seg årsskriftet. Årsskriftet vert også til sals. Her er mykje lokalt stoff der mange vil kjenne seg igjen, og årsskriftet kan vere ein fin julepresang til både dei som bur her og særleg til utflytta familiemedlemmer og venner.  

I tillegg til presentasjonen av årsskriftet vert her servert julegløgg og god førjulstemning på biblioteket denne kvelden.

- Kåre Beite