Skodje sogelag tok for eit par år sidan initiativ til å skrive kultur- og bygdehistorie (allmennsoge) for Skodje. Grunnlaget var m.a. det som står i føreordet til Bygdebok for Skodje (Louis Giske, 1986), der boknemnda vonar at det kan finnast ressursar til dette.
Etter samtalar med kommunen vart det avtalt at sogelaget utarbeidde eit notat / prosjektskisse som grunnlag for drøfting og vurdering av vidare arbeid med prosjektet. I dette arbeidet har sogelaget i samråd med kultursjefen hatt kontakt med Sunnmøre museum, Norsk Lokalhistorisk Institutt og historikar/professor Atle Døssland ved Høgskulen i Volda. Notatet følgjer som vedlegg, og det skisserer kultur- og bygdehistorieprosjektet som ei soge om Skodje-samfunnet frå istid til nåtid, men med hovudvekt på dei par siste hundreåra. I tillegg til å skrive om kva som har skjedd; vert det drøfta kvifor, korleis og kva tid utviklinga har vore.
Sogelaget ønskjer samarbeid med kommunen om å gjennomføre prosjektet, og etter drøfting i formannskapet 7. september kjem det politisk sak om å oppnemne ei felles bygdeboknemnd. I første omgang er oppgåva å definere prosjektet nærare, og legge utgreiinga fram til behandling før prosjektet vert sett i gang.
Dato: 14.09.16
Kåre Beite