Årsskriftet for 2016 har tre hovudartiklar som alle er innom posthistorie i Skodje. Sogelaget inviterer til presentasjon av heftet måndagskvelden den 5. desember på biblioteket.

bilete årsskrift2016 artikkel

Heftet startar med «Familien» der Johan Daae-Qvale fortel historia om Solnør gaard og korleis familiane Daae og Qvale overtok og utvikla garden.  Solnør gaard stod rundt 1850 for 80% av postleveransane i nærmiljøet, så garden var sjølvsagt sentral for postruta.  Jens Moe skriv i «Arven» om besteforeldra Severine og Ole Jensen Moe. Severine var ein av dei første kvinnelege postopnarane i Noreg og tenestegjorde i Skodje postopneri i 37 år.  Det høver derfor godt at etter desse 2 artiklane kjem «Posthistoria i Skodje» av Øyvind Midtlid.

På presentasjonen vil Johan Daae-Qvale ha innlegg om historia om Solnør, og her vert omtale og informasjon om dei andre artiklane. Sogelagsmedlemmer får utlevert heftet, og det vert også til sals.  Årsskriftet har mykje interessant lokal historie, og det kan vere ein fin julepresang til både dei som bur her og særleg til utflytta familiemedlemmer og venner.  

I tillegg til presentasjonen av årsskriftet vert her servert julegløgg og god førjulstemning på biblioteket denne kvelden.

 

Kåre Beite