Årsmøte i Skodje sogelag er fastsett til:

  • Tid: måndag 6. mars 2017 kl 19.00
  • Stad: Gomerhuset (biblioteket)

Innkalling med sakliste vert sendt ut til medlemmane og kunngjort i Bygdebladet.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker, skal årsmøtet ta stilling til bygdebokprosjektet «Kultur- og bygdehistorie / allmennsoge for Skodje».  Etter henvendelse til kommunen vart det hausten 2016 oppretta ei felles arbeidsgruppe som legg fram ei prosjektskisse til behandling både i sogelaget sitt årsmøte og i kommunestyret. Prosjektskissa beskriv følgjande:

Innhald:

  • Innhaldsskisse 15.01.16 v/Atle Døssland, Høgskulen i  Volda (HVO) vert lagt til grunn for prosjektet.  Skissa beskriv vår historie frå istid til notid, med hovudvekt på dei siste 200 åra.

 Organisering:

  • Arbeidsgruppa tilrår at sogelaget vert prosjekteigar og inngår avtale med forfattar og forlag om gjennomføring av prosjektet.  Økonomisk skal sogelaget og kommunen vere likeverdige i prosjektet. Det skal oppnemnast ei  boknemnd som skal følgje prosjektet.

 Forfattaroppdrag:

  • HVO har gitt tilbod om å vere forfattar og ha ansvaret for fagleg innhald og framdrift.

 Tidsplan:

  • Prosjektskissa vert lagt fram for sogelaget sitt årsmøte 6. mars og kommunestyret 22. mars til godkjenning.  Med positivt resultat hos begge partar er det klart for å inngå avtale  med HVO.
  • Tidsplanen legg opp til oppstart hausten 2017 med ferdigstilling i 2020.