Sogelaget har i to-tre år vore i samatalar med kommunen om å gje ut ei allmennsoge for Skodje.  Prosjektet  skal presenterast på sogelagets årsmøte 6. mars, der årsmøtet skal godkjenne finansiering og samarbeid med kommunen om å realisere prosjektet.

Historisk bilete av Skodjebrua

Historisk bilete frå Skodjebruene

Eitt av hovudføremåla med oppretting av Skodje sogelag var utgjeving av gards- og ættesoge, som kom i 1986. Føreordet frå boknemnda i band 1 vart avslutta slik: «Når arbeidet med gards- og ættesoge no er ferdig, ser boknemda dette som ein viktig milepel i bygdebokarbeidet. Vi vonar samstundes at det finst ressursar store nok til at arbeidet med ei allmennsoge får den plass det fortener.»

Sogelaget fekk for nokre år sidan testamentert ein arv etter Olav Løvold, og det var med grunnlag  i desse midlane og føreordet i bygdeboka at sogelaget kunne ta kontakt med kommunen med forslag om samarbeid om å gje ut ei allmennsoge.  

Historikar og professor Atle Døssland ved høgskulen i Volda (HVO) tok på seg å utarbeide innhaldsskisse for allmennsoga.  Innhaldsskissa kan lesast her. Hausten 2016 oppnemnde kommunestyret og sogelagsstyret ei arbeidsgruppe med mandat «.. å utarbeide ei prosjektskisse som tydeleg syner omfang og klare avgrensingar på tema, ansvarsfordeling mellom kommunen og Skodje Sogelag både juridisk og økonomisk, slik at både Skodje kommunestyre og årsmøtet i Skodje sogelag kan vurdere og vedta grad av involvering i prosjektet.»
 
Arbeidsgruppa legg til grunn innhaldsskissa frå Døssland som beskriv vår historie frå istid til notid.  Boka får hovudvekt på dei siste 200 åra.  Sogelaget skal stå som oppdragsgjevar med juridisk og økonomisk ansvar, mot at kommunen forpliktar seg til å gje eit likeverdig økonomisk bidrag.  Her er framforhandla avtale om forfattaroppdrag med Høgskulen i Volda.  I tillegg til fire forfattarårsverk skal HVO vere prosjektleiar og stille med ei fagleg referansegruppe.  Sogelaget skal oppnemne ei lokal boknemnd som skal følgje prosjektet.  Prosjektskissa kan lesast her.

Med godkjenning av prosjektet på sogelagets årsmøte 6 . mars og i kommunestyret 22. mars, er det klart til å inngå avtale med Høgskulen i Volda.  Etter tidsplanen skal arbeidet starte i år, med levering av manus klart til trykking hausten 2020.

Kåre Beite