Skodje sogelag har inngått avtale med Høgskulen i Volda (HVO) om å skrive allmennsoge for Skodje, og vi inviterer med dette til pressemøte med presentasjon og informasjon om prosjektet;

    onsdag 28.juni 2017 kl 15.00-16.00 på Gomerhuset, Skodje

Frå HVO deltek prosjektleiar Harald Tafjord saman med forfattarane Eldar Høidal og Harald Krøvel, administrativt ansvarleg Bjørn Tafjord, og professor i historie Atle Døssland som hadde medansvar for utvikling av prosjektskisse i samarbeid med sogelaget.

Skodje kommune har vedteke å gi tilskot til prosjektet, og ordførar Dag Olav Tennfjord, rådmann Bente Vikhagen og kultursjef Magne Fylling er invitert til presentasjonen.  

Prosjektomtale

Sogelaget tok i 2014 opp å arbeide for å skrive ei kultur- og bygdehistorie for Skodje (allmennsoge). Grunnlaget er m.a. det som står i føreordet til Bygdebok for Skodje (Louis Giske, 1986), der boknemnda vonar at det kan finnast ressursar til dette.

Sogelaget fekk for nokre år sidan testamentert ein arv etter Olav Løvold, og det var med grunnlag i desse midlane og føreordet i bygdeboka at sogelaget kunne ta kontakt med kommunen om samarbeid for å gje ut ei allmennsoge.  Hausten 2016 vart det nemnt opp ei felles arbeidsgruppe som både vurderte innhald, organisering, finansiering og innhenta tilbod frå HVO på forfattararbeid. Etter utgreiing frå arbeidsgruppa vedtok kommunestyret i møte 08.03.17 å gi tilskot til prosjektet.

Allmennsoga skal beskrive Skodje si historie frå istid til notid, men med hovudvekt på dei siste 200 åra. Avtalen med HVO omfattar om lag 4 forfattarårsverk, samt prosjektleiing og fagleg referansegruppe.  Sogelaget oppnemner ei lokal bygdeboknemnd som skal følgje prosjektet, med oppstart i 2017 og levering av manuskript til forlag i desember 2020.  Sogelaget er oppdragsgjevar med juridisk og økonomisk ansvar, noko som er muleg fordi kommunen har løyvd eit økonomisk likeverdig bidrag.

På pressemøtet vil det bli gitt ytterlegare omtale av prosjektet.  HVO med prosjektleiar og forfattarar vil informere om prosessen og grunnlaget for innhald, og kommunen og sogelaget vil informere om sine forventingar til bygdebokprosjektet. Her blir enkel servering.

Skodje sogelag ønskjer med dette velkommen til pressemøtet!

 

Dato: 26.06.17  


Kjell Sindre Tysse                    Kåre Beite
styreleiar                                prosjektleiar