Historisk program i høve årsmøtet for Skodje Sogelag på Gomerhuset – biblioteket tysdag den 6. mars vert i år eit kåseri på rundt ein halv time med Hanna Relling Berg. Det var tidlegare annonsert at Aud Farstad skulle kome og ta dette kåseriet, men då ho for tida er råka av sjukdom er vi veldig glad for at Hanna kunne stille på kort varsel.

Aud Farstad er forfattar av boka, «Amanda – journalist og pioner» - utgjeve på Sunnmørsposten forlag seinhausten 2017, og det er med utgangspunkt i den boka at vi får høyre om Amanda Cecilia Olsen. Kåseriet vil ta føre seg glimt inn i livet og virket til Amanda, som var journalist i Sunnmørsposten og ei av dei første kvinnelege journalistane i landet. Amanda reiste mykje rundt om på Sunnmøre, og då gjekk ho til fots, sykla, tok rutebåt eller buss. For å spare bagasje kunne ho ha på seg opp til fire kjolar utanpå kvarandre. Amanda, fødd og oppvaksen i Bergen, kom til Ålesund i 1917 og budde det meste av livet der. På 1950-talet flytta ho til Sjøholt, og frå byrjinga av 1960-talet og fram til ho døydde i 1967 80 år gammal budde ho i ei leilegheit i Skodje sentrum.

Amanda skreiv mange kvardags- og samtidsskildringar om folk ho møtte på reisene sine, og var svært oppteken av også å få fram historiene til kvinnene. «Spinnesiden» var ei side i Sunnmørsposten mynta på kvinner, og den vart eit fast vekeinnslag frå og med 1928 og i fleire tiår frametter. Det vert sagt at ho såg «dei store sjelene i små stover». Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, skriv følgjande om Aco: «Amanda var ein kvinneleg pioner innanfor journalistikken, og ho dokumenterte kvardagsliv på sin heilt spesielle måte. Ho var ein oppsøkjande journalist som formidla møte med menneske på ein måte som inspirerer, og som alle pressefolk har noko å lære av.»

Til opplysning er dette eit kåseri omkring Aco, og vil ikkje vere av same art som foredraget om Aco i Skodje Pensjonistlag den 29.11.2018. Det vil difor vere vel verdt å få med seg begge arrangementa, som Aud seier vil utfylle kvarandre.

Vi gler oss til å høyre på Hanna Relling Berg denne kvelden, og tek sikte på at vi er ferdig med årsmøtet og utdeling av Gomerprisen til kl. 20.15 slik at ho kan starte med kåseriet om lag då. Hanna vil ta med nokre bøker om Aco denne kvelden slik at det er mogeleg å få kjøpe boka. Det historiske programmet er ope for alle interesserte. Vel møtt!


Kjell Sindre Tysse,
leiar i Skodje Sogelag.

 Amanda Cecilia Olsen
Amanda Cecilia Olsen (Aco)