Skodje sogelag har dei siste åra arbeidd med kultur- og bygdehistorie for Skodje (allmennsoge). Forfattararbeidet er no ferdig og levert til forlaget for klargjering til trykking, og planlagt lansering er i forbindelse med Kulturveka på Skodje i slutten av oktober. Bokverket er i to band - «Skogbygder i fjordlandskap» og «Ved allfarvegen» - og er ei interessant forteljing om skodjesamfunnet frå dei eldste tider til vår tid.

Skodjesoga vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910-2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.

Skodjesoga band1 Skodjesoga band2

Skodjesoga i to band tek føre seg historia til tidlegare Skodje kommune, frå dei første spor etter menneske og fram til Skodje vart ein del av nye Ålesund kommune i 2020. Første bandet trekkjer opp dei lange utviklingslinjene i historia til Skodje, frå fangst- og jegersamfunnet i steinalderen, etableringa av fast busetnad ved overgangen til eit jordbrukssamfunn og til busetnadsekspansjonen i vikingtida og høgmellomalderen. Hovudtyngda ligg likevel på tidsrommet ca. 1600 til 1894, ein periode der jordbruket, fisket og skogen var dei viktigaste næringsvegane. På 1800-talet danna sentrale endringsprosessar grunnlag for moderniseringa av Skodje-samfunnet, med folkeauke, modernisering av samferdsle og næringsliv, utvikling av lokalt sjølvstyre og kulturell vekst som viktige trekk.

1890-åra er eit tidsskilje i Skodje. I samferdsla vart bygdene knytte nærare til omverda, jordbruksnæringa var i ferd med å bli modernisert, og det vart lagt planar om å danne ein eigen kommune for bygdene i Skodje. Band 2 tek for seg denne moderniseringa av samfunnet, der eit sentralt perspektiv er overgangen frå eit samfunn der jordbruk er den dominerande næringa, til etablering av industri og utvikling av arbeidsplassar i handel og samferdsle. Offentleg sektor med kommunale tenester vart etter kvart ein viktig arbeidsplass i samfunnet. Eit anna sentralt perspektiv er det rike organisasjonslivet som vaks fram frå siste delen av 1800-talet, slik som misjonsforeiningar, musikkforeiningar, idrettslag og andre lag. Dei blir viktige bidragsytarar til kulturlivet i Skodje og har vore med på å skape identitet og tilhøyrsle innanfor kommunegrensene.