Skodjesoga i to band tek føre seg historia til tidlegare Skodje kommune, frå dei første spor etter menneske og fram til Skodje vart ein del av nye Ålesund kommune i 2020. Første bandet trekkjer opp dei lange utviklingslinjene i historia til Skodje, frå fangst- og jegersamfunnet i steinalderen, etableringa av fast busetnad ved overgangen til eit jordbrukssamfunn og til busetnadsekspansjonen i vikingtida og høgmellomalderen. Hovudtyngda ligg likevel på tidsrommet ca. 1600 til 1894, ein periode der jordbruket, fisket og skogen var dei viktigaste næringsvegane. På 1800-talet danna sentrale endringsprosessar grunnlag for moderniseringa av Skodje-samfunnet, med folkeauke, modernisering av samferdsle og næringsliv, utvikling av lokalt sjølvstyre og kulturell vekst som viktige trekk.
1890-åra er eit tidsskilje i Skodje. I samferdsla vart bygdene knytte nærare til omverda, jordbruksnæringa var i ferd med å bli modernisert, og det vart lagt planar om å danne ein eigen kommune for bygdene i Skodje. Band 2 tek føre seg denne moderniseringa av samfunnet, der eit sentralt perspektiv er overgangen frå eit samfunn der jordbruk er den dominerande næringa, til etablering av industri og utvikling av arbeidsplassar i handel og samferdsle. Offentleg sektor med kommunale tenester vart etter kvart ein viktig arbeidsplass i samfunnet. Eit anna sentralt perspektiv er det rike organisasjonslivet som vaks fram frå siste delen av 1800-talet, slik som misjonsforeiningar, musikkforeiningar, idrettslag og andre lag. Dei blir viktige bidragsytarar til kulturlivet i Skodje og har vore med på å skape identitet og tilhøyrsle innanfor kommunegrensene.
Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910–2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.
Band 1: Skogbygder i fjordlandskap (Harald Johannes Krøvel), ISBN 9788283050820
Band 2: Ved allfarvegen (Eldar Høidal), ISBN 9788283051131
Spesialpris ved kjøp gjennom Skodje sogelag Ordinær pris pr band er kr 490,–. Spesialpris: Eitt band kr 425,–. Begge banda kr 800,–. Bøker til spesialpris får du kjøpe gjennom Skodje sogelag på følgjande måtar: Kontaktpersonar: |
Skodje sogelag vart skipa i 1973 for å ta vare på og spreie kunnskap om folk sitt liv og virke i eldre tid. Sogelaget har gjeve ut gards– og ættesoge for Skodje, og vi har no mange tilbod som m.a. årsskrift med historiske tema, historiske bygdevandringar, temakveldar, arena for slektsgransking og arrangement i tilknyting til kulturveka. Alle med interesse for lokalhistorie er velkomne til å bli medlem, og vi ønskjer alle vel møtt til å ta del i arbeidet og bruke denne heimesida aktivt.
Helsing Skodje sogelag